Slektside for Lillan og Atle

Velkommen til Slektside for Lillan og Atle

Eg heiter Atle Bergset og eg starta i 2013 denne slektssida ved å kopiere den frå Einar Eikrems slektsside, i utgangspunktet laga på grunnlag av slektsbok som eg laga for slekta til Mari Eikrem i 1998. Anane til far min, Andreas Bergset, har eg opphaveleg lagt inn på grunnlag av anetavle som han på femtitalet fekk utarbeidd av slktsgranskar Nils Hustuft. Svigerfar til dotra mi Mari, Hallvard, har ei eineståande flott slektstavle, retteleg eit klenodium, utarbeidt av Hans Edvin Johansen i 1960-åra.  Denne slektstavla, som inneheld bortimot 2.500 namn, har eg også lagt inn. Vidare har eg lagt inn ei slektsbok som kona til Hallvard og svigermora til Mari har.  Den er utarbeidt av Sigurd Sivertsen og inneheld omtrent 3.000 nye personar. Slekta til morfar til kona mi, Severin Eikrem, har eg registrert frå slektsbok for 2 romsdalskystslekter utarbeidd av Anna Julnes (1979).  Dei fleste høyrer til Sør-Heggdalslekta. Nokre høyrer til Beinset-slekta. Bortimot 10.000 personar er dermed registrerte i Severins slekt.   Slektssida vart oppretta ved bruk av MyHeritage.com.  Dette er et flott system som lar alle, som deg og meg, opprette ein nettstad for slekta, sjølv publisere slektstre og dele bilde på internett. Hvis du har kommentarar eller tilbakemeldingar om denne familiesida, gjer vel og klikk her for å kontakte meg.Vårt slektstre er publisert direkte på denne siden! Det finnes 17021 navn på vår nettside.Denne slektssida vart sist oppdatert 12. des 2019 og den har for tida 52 registrerte medlemer.   Kos deg!

Nylige aktiviteter